– Hotel Alexandra er alltid tidleg ute med julelysa, så då ville eg også vere det

Han plar vere tidleg ute med julelysa rundt huset og i hagen, Anton Andre Sande i Kreklingen i Stryn.

Lyser opp i mørketida: – Eg likar ikkje mørketida. Då er det fint med lys og stemning, seier huseigar Anton Andre Sande i Kreklingen i Stryn. 400 meter med lyslenker lyser opp på tomta.  Foto: Thomas Thaule

Finaste tida på året er no og fram til jul. Den er magisk

Anton Andre Sande
Nyhende

Om han ikkje har sett lyset, så har han i alle fall tent det. I heile hagen og rundt huset er det metervis med lyslenker. Knapt eit tre eller busk er fritt for ei lyslenke. Også huset har fått sin dose med lys. For så vidt ikkje eit heilt uvanleg syn rundt omkring når det nærmar seg jul, men førebels er han uansett av dei få som har funne fram julelysa så tidleg.