Ivar Andenæs si bok «Feil manglar vi alle»:

– Glupt og gladlynt frå Nordfjord

Samlinga av gode historier frå Nordfjord ført i pennen av Ivar Andenæs, er ikkje ei vanleg bok med vitsar og gode historier. Det er ei bok der dei gode historiene er sett inn i ein større samanheng, og illustrert med gode bilde frå notid og fortid.

Gladlynt: Ivar Andenæs har samla nordfjordhumor mellom to permar. I bakgrunnen Johan Isehaug som har fått sin rettkomne plass i boka.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Tidlegare forfattarar har karakterisert nordfjordingane som flittige, nøysame og gjerne også litt konservative, men boka til Andenæs viser at nordfjordingen har lun humor, replikkunst og forteljarevne.