Fannemel med comeback i verdscupen:

- Godt å vere i gang

Anders Fannemel kvalifiserte seg til laurdagens verdscuprenn i hopp i Nizhny Tagil.

Kvalifisert: Anders Fannemel gjer comeback i verdscupen, to og eit halvt år etter at eit fall i Wisla i Polen øydela kneet.   Foto: Dominik Formela

Nyhende

Kvalifiseringa vart gjennomført fredag ettermiddag.

To år og åtte månader etter at han sist deltok i verdscupen var Fannemel tilbake. Med 115,5 meter vart han nummer 26, trygt innanfor dei 50 beste som får hoppe i morgondagens renn.

- Godt å vere i gang! Litt spent var eg, men ikkje meir enn normalt, skriv Fannemel i ein SMS til Fjordingen eitt par timar etter at kvalifiseringa var over.

Kamil Stoch frå Polen vann kvalifiseringa. Beste nordmann vart Johann Andre Forfang på 15. plass.