Singerheimen får same tilskotsbeløpet i dag som i 2002:

Men prisstiginga har vore på nærare 50 prosent

Styret for Singerheimen ber i brev til politikarane og kommunedirektøren om auke i det årlege driftstilskotet, frå 50.000 til 75.000 kroner.

Håpar på hjelp: Styreleiar for Singerheimen, Per Kristian Storevik, håpar lokalpolitikarane klarar å finne litt ekstra driftsmidlar i budsjettet. T.h. leiar for skule- og kulturutvalet, Kari Synnøve Muri. 

Nyhende

Nyleg var det offisiell markering av fredingsvedtaket for Singerheimen i Olden. Sjølv om fredinga betyr at det blir opna for midlar til prosjekt over Riksantikvaren sitt budsjett, og det føreligg tilsegn på over to millionar til ulike tiltak på eigedomen, er styret for Singerheimen uroa for sjølve drifta.