Sterk vaksineoppmoding

Regjeringa understreka igjen under pressekonferansen på fredag at vaksinasjon er det viktigaste tiltaket mot smittespreiing.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

No vil dei ha fart i vaksinasjonen med oppfriskingsdose til alle over 65 år. Dette vil dei ha klart før jul.

– Vaksinane gir godt vern mot smitte og sjukdom, men effekten minkar over tid. Det gjeld spesielt dei eldste. Derfor er det veldig viktig at dei får den tredje dosen så fort som mogleg, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Ho seier mange av dei som er innlagde på sjukehus no, er eldre personar som vart vaksinerte på seinvinteren.

Ho ber òg kommunane om å sørgje for at 16-åringane og 17-åringane no får den andre vaksinedosen sin.