Gjensyn med «skattekista» frå Bella kafeteria

– Eit kjekt gjensyn, tykte fleire som var innom og fekk sjå utstillinga med «skattekista» Bella kafeteria i Stryn.

Stilte ut: Stryn Husflidslag hadde teke med seg utstyrskista frå gamle Bella kafeteria til Tingsalen i kulturhuset under kulturnatta. Organisator Kirsti Danielsen Holen (t.v.) studerer her innhaldet i kista saman med Kari Osvold og Randi Nesje. Foto: Thomas Thaule 

Nyhende

I Triangelen, som no rommar m.a. Stryn Frivilligsentral, Telegrafen ungdomskafé og ei lang rekkje aktivitetar og frivillig verksemd, var det i svunnen tid kafe. Driven av tvillingsystrene Oddrun «Odda» og Bergljot «Bella» Gytri, som sykla strynebygda fram og tilbake kvar dag for å ta hand om både gard og kafédrift. Over 80 var dei før det vart slutt på «Bellateria». Huset vart testamentert til Borgstiftelsen, og Odda Gytri understreka at ho ville at huset skulle bli brukt til gagn for unge og eldre i Stryn.

Skattekista: Smått og stort frå «skattekista» frå den populære kaféen til tvillingsystrene Gytri.   Foto: Wendy Jansen

Stryn Husflidslag har fått lagre materiell m.m. på loftet i Triangelen, og her var det kista med utstyr frå gamle Bella kafeteria kom for dagen.

Minne frå «Bella»: Mange hugsar «Bellateria» i Triangelen.   Foto: Wendy Jansen

– Marit Sandnes Skrede viste meg kista, og då kom idéen om å lage ei utstilling, fortel Kirsti Danielsen Holen. Stiftinga var positiv.

Dermed vart det utstilling. Eit kjekt gjensyn for mange vaksne og eldre, som hugsar «Bellateria» som samlingspunkt i Stryn!