Hornindal Historielag:

Historisk årsskrift med spennvidde

Den 36. utgåva av det historiske årsskriftet til Hornindal Historielag har stor spennvidde frå honndøler i krig på 1700-talet til nye amerikaslekter gjennom DNA-test og ikkje minst «Svanhild» som har prega bybildet på Grodås siste året.

Slektsgransking: Finn Nyhammer skriv om slektsgransking med moderne vitskap, her frå eit slektstreff i Illinois.   Foto: Faksimile frå Historisk årsskrift

Så vil nokon undre seg over at songsvana «Svanhild» har fått plass i eit historisk årsskrift, men om nokre år er også denne hendinga historie.

Nyhende

«-På mange måtar kan han stå som eit føredøme på det beste i ein bygdeungdom – initiativrik, kreativ, arbeidsam og ein som skaper seg ei framtid i si eiga heimbygd», skriv Paul O. Tomasgard i ein interessant artikkel om Rasmus S Kirkhorn (1886 – 1965).