Seks nye smittetilfelle i Volda

Totalt vart det registrert seks nye smitta i Volda kommune fredag.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Volda melde seint fredag kveld om til saman seks nye smittetilfelle i kommunen.

To er smitta i husstanden, to er truleg smitta på skulen, ein har førebels usikker smitteveg, og den siste gjeld person som er fullvaksinert og som testa seg grunna symptom etter utanlandsreise. Personen har ingen nærkontakter lokalt vert det opplyst.

Det er 3. og 6. klasse ved Øyra skule som er råka av smitte kjem det fram av pressemeldinga frå kommunen.