Seljeset eit stykke bak etter hoppinga

Kombinertløparen Torje Seljeset frå Hornindal IL lukkast ikkje heilt i hopprennet, og får ein tøff jobb når NM skal avgjerast med langrenn i helga.

Håpar å avansere: Torje Seljeset er eit stykke bak etter dei to hopprenna som legg grunnlaget for langrenna i NM kombinert til helga. Men Seljeset er rask i sporet og satsar på avansement. 

Nyhende

Seljeset og dei andre kombinertutøvarane var samla i Midtstubakken i Oslo onsdag, for å gjere unna hoppdelen i NM kombinert. Langrenna er lagt til Beitostølen laurdag og søndag, der også langrennsutøvarane har si sesongopning.