Oddvar Auflem vitja Sport und Spaß:

Trav, saueklipping og kattugler

Gjest: Oddvar Auflem stilte som gjest i den 48. utgåva av radioprogrammet Sport und Spaß.  

Nyhende

I denne utgåva av radioprogrammet Sport und Spaß kan du høyre Oddvar Auflem frå Olden.

Den spreke 81-åringen har historier om kva det måtte vere, alt frå kattugler til travløp, via saueklipping, gaupejakt og pennar.

Auflem er eit unikum når det kjem til tal, og kan tidfeste store og små hendingar med pinleg nøyaktigheit. Han kan truleg registreringsnummeret til dei fleste sambygdingar og!

I sendinga vert det også eit nytt Rim med Rakje og vi trekker ut vinnar av ei flott fotballdrakt frå Fredrikstad.