Stand-up i Stryn kulturhus:

Herleg drygt frå Tore Sagen

I ein alder av 41 år har Tore Sagen teke turen ut av radiostudio og til stand-up-scena. Det gjer han med bravour.

Drygt: Tore Sagen både innfridde og overraska. Han heldt show i nesten halvannan time, og det var tett mellom poenga. Også dei drygaste gjekk rett heim hos dei kring 200 i kulturhussalen. 

Nyhende

Laurdag var det stryningane sin tur til å oppleve Sagen sin debut som stand-up-komikar. Han innleia også med å gjere eit poeng av at dette er hans første show, og at han frykta kvelden ville bli litt som koronavaksina; det fungerer bra i starten og så dabbar det av etter kvart.