Karrieredag ved Stryn vidaregåande skule:

Mange vegar til jobb

Torsdag arrangerte Samarbeid skule og næringsliv den årvisse Karrieredagen for 10. klasse og VG1 og VG2. Eit tilbod som skal gjere elevane litt betre budde med tanke på val av studie- og yrkesretning i framtida.

Valets kvaler: Oda Svarstad Hole og Hanna Haugen går siste året på ungdomsskulen. Dei må snart ta sitt første val når det gjeld studieretning. Oda ser føre seg ei yrkeskarriere innan ambulanse medan Hanna tykkjer politi virkar spennande. 

Nyhende

I tillegg til informasjon frå Forsvaret, Stryn kommune og NAV var 10. klassingane innom ulike stasjonar knytt til ei rekkje studieretningar og yrke. Der fekk dei fekk lære meir om helse og sjukepleie, byggfag, ingeniør, sal og service, reklame og marknadsføring, politi, pilot, økonomi og TIP. På sistnemnde var opplæringskontora for industri, bilbransje, transport og maskinførar representert.