Familiefest i Stryn KFUK-KFUM:

Mykje song og mykje sjarme

Speidarar, barnekor og Ten Sing bidrog alle til ei flott programøkt i kulturhuset då Stryn KFUK-KFUM inviterte til den årlege familiefesten.

Stemning: Denne gjengen med Nordsida barnekor og hjelparar skapte god stemning på KFUK-KFUM sin årlege familiefest i kulturhuset. Lillian Rebni Heimlid dirigerer. 

Nyhende

Etter flott prosesjon og song ved speidarane, tok Ten Sing-koret i Stryn, Sight Sing, over scena. Trass berre elleve medlemmar skapte dei godt trøkk saman med bandet.