Pølsemakarfestivalen slo an:

- Satsar på at det blir ein tradisjon

Den første utgåva av pølsemakarfestivalen i Olden vart godt motteken. Ti pølsemakarar stilte med smakebitar og folk stod i kø for å avgjere kven som hadde laga den beste.

Tradisjon: Frode Briksdal og André Opheim er initiativtakarane til Pølsemakarfestivalen i Olden. Dei var godt nøgde med oppslutnaden og seier dei satsar på at dette blir ein tradisjon.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Det «syda» kring Bunnpris-butikken i Olden laurdag føremiddag. Til saman ti pølsemakarar var lina opp under teltduken, og rundt gjekk publikum og smatta seg gjennom speke- og dampepølser.