Bil utfor vegen i kjent ulukkessving på fv 60:

Sendt til sjukehus etter redningsinnsats der brannvesenet brukte motorsag og vinsj

Bilføraren vart sendt til Volda sjukehus i ambulanse, etter at Hornindal brannvesen hadde nytta både motorsag, vinsj og klippeutstyr for å få han ut av bilvraket.

Ein personbil hamna utfor vegen ved Støverstein søndag kveld.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Politiet melde søndag kveld klokka 19 om ein bil som har køyrt utfor fylkesveg 60 ved Støverstein i indre Hornindal.