Meir røyrproblem for Hotel Raftevold:

Har fått pålegg om utbetring

Reinseanlegget på Ytrehorn har fått problem som følge av eit defekt røyr under Hotel Raftevold som har slite med røyrproblem i lang tid.

Pålagt utbetring: Volda kommune har spora problem ved eit reinseanelegg til eit avløpsrøyr ved Hotel Raftevold. Hotellet er framleis stengd grunna røyr- og avløpsproblem   Foto: Bengt Flaten

Desse problema heng ikkje saman

Nyhende

Det kommunale reinseanlegget på Ytrehorn fekk driftsproblem 28. oktober etter at store mengder vatn kom inn i avløpsreinseanlegget. Ifølge Volda kommune skal eit bustadhus tilknytt reinseanlegget ha fått tilbakeslag av avløpsvatn i kjellaren som følgje av dette.