Nordfjordrådet støttar Nordfjordtreffet

Nordfjordrådet løyver 60.000 kr i prosjekttilskot til Nordfjordtreffet 2022.

Støttar: Nordfjordrådet løyver midlar til Nordfjordtreffet.   Foto: sigrid heggestad

Nyhende

Næringslivet i Nordfjord v/Inviro planlegg å etablere eit fast årleg felles rekrutteringstreff for næringsliv og kommunar i Nordfjord, med gjennomføring første gong i påska 2022. Det blir lagt opp til at treffet skal arrangerast årleg med ei fast prosjektgruppe beståande av Inviro, Nordfjordakademiet og Nordfjordrådet, med rullerande vertskommune for arrangementet.