Tilbake til Molaupen 50 år etter tragedia

Det er 50 år sidan Molaupsulukka, der eit bygdesamfunn miste sju menn i snøskred. Fedre, brødre, søner. Hildegunn Standal Dragsund, i dag busett i Loen, miste far sin den dagen. Det siste minnet ho har er at han vinka «ha det» før han sprang for å vere med og berge liv.

Her: Tilbake på staden der faren vart funnen for 50 år sidan. Han var ein av fleire som kom til for å hjelpe til å berge ein sambygding som var teken av skred. Så kom det ei ny fonn, og ni menn vart tekne av snømassene. Sju av dei omkom. – Det var sterkt å kome hit, men samstundes gav det meg ro, seier Hildegunn, som tok fjellturen med turguide.  Foto: Foto: Privat

Eg måtte slutte å reise frå det. Eg måtte reise tilbake til det

Nyhende

Det var ein månad før julafta. Hildegunn si mor, Eli, var hos syvigerinna på Hareid og sydde buksedressar til borna til jul.