Blaksettunnelen opnar om ei veke

Tysdag 30. november kan dei første bilane køyre gjennom den nye Blaksettunnelen.

Snart opning: Tysdag 30. november vert Blaksettunnelen opna for trafikk.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Vestland fylkeskommune har fått meldinga dei har venta på lenge: Vegdirektoratet har gitt mellombels bruksløyve for Blaksettunnelen.

– Det har vore ein lang veg fram, men no er vi berre veldig glade og letta. Vi unner innbyggjarane i Stryn denne julegåva, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Tunnelen skulle etter opprinneleg plan vere klar til opning før sommarferien, men vart forseinka blant anna fordi elkablar måtte bytast ut. Byggherren måtte og få på plass bom på begge sider av tunnelen.

Det er framleis nokre manglar som må rettast opp før tunnelen får endeleg godkjenning av Vegdirektoratet.

– For å få eit mellombels bruksløyve er det gjort ei risikovurdering og sett inn avbøtande tiltak. Eitt av dei er nedsett fartsgrense gjennom tunnelen. For bilistane betyr det at fartsgrensa vert 70 km/t i ein periode framover. Det kan også bli nokre korte stengingar av tunnelen over nyttår i samband med avsluttande arbeid, opplyser Huseklepp.

Offisiell opning kjem seinare

Det vert ingen stor, offisiell opning i denne omgang, men Huseklepp seier det kan bli ei mindre markering for dei første bilane.

– Moderne vegtunnelar er kompliserte installasjonar med mykje elektronikk som skal fungere ilag. Det har teke tid å få opna tunnelen, men det har blitt eit veldig flott anlegg som fortener ei skikkeleg feiring. Korleis det skal skje vil vi komme tilbake til, seier Huseklepp.