- Viktig fredagstilbod for ungdom

Nesten 70 ungdomar var på fredagstilbodet med ope hus og nattkafe sist fredag kveld. Etter at mange av dei først hadde vore på Open hall i Strynehallen, syntest dei det var godt å kome i hus i trivelege Triangelen, midt i Stryn sentrum.

Vertskap sist fredag: Vegard Løkkebø Øvreseth (f.v.), Naram og Evan Samman og primus motor Ingeborg Koppen Hessevik i KFUK-KFUM. Marit Sandnes Skrede i Frivilligsentralen bak med steikjespaden til svelene.  Foto: Leif Vinsrygg

Nyhende

Ingeborg Koppen Hessevik har gjennom jobben sin i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, gått saman med andre som har ivra for at ungdom i Stryn skulle få eit slikt tilbod.