Lostrupane på scena att med fullt trøkk

Etter ei lang korona-pause er endeleg Lostrupane tilbake. Laurdag 27. november står dei klar på scena i Stryn kulturhus med konserten «Still Standing» saman med band.

God klang og presisjon: Nokre av koristane i Lostrupane. F.v. Målfrid R.Sæten, Sissel Tenden, Margunn Lødemel og Melinda Sørøy.  Foto: Privat

Nyhende

Repertoaret består av songar frå Queen, Toto, Billy Joel, Elton John med fleire. Her blir det både rockestemning og gåsehudfaktor. Lostrupane er eit stort, humørfyllt og dyktig kor med god klang. Saman med bandet, ei blåserekke og fele, blir dette ei mektig konsertoppleving verdt å ta med seg.