Hjelmeland Begravelsesbyrå utvidar:

No kjem dei til Stranda

Hjelmeland Begravelsesbyrå utvidar frå Stryn og startar kontor på Stranda.

Opnar på Stranda: Fredag opna Hjelmeland Begravelsesbyrå kontor på Stranda. Frå venstre: Odd Kåre Hjelmeland, Tone Lise Loen og Bjørn Solvik.   Foto: privat

Vi vil kunne møte folk anten der eller heime hos dei. Dette er alt etter korleis dei pårørande sjølve ønskjer det

Odd Kåre Hjelmeland
Nyhende

(Nyss): – Med fire andre gravferdsbyrå i Nordfjord følte vi at tida var inne for å utvide. Derfor satsar vi no i Stranda kommune, seier Odd Kåre Hjelmeland til Nyss.