Tilrår avslag på gitt dispensasjon på Storesunde

Kommunedirektøren vil avslå dispensasjon til vegtrasé gitt av formannskapet.

Vil ta klaga til følge: Via advokat har Storesunde grendehus klaga på dispensasjon gitt av Stryn formannskap. Dei meiner endringane ein har dispensert for i gjeldande reguleringsplan er så omfattande at det krev ein ny plan. Dette gjeld først og fremst rundkøyringa og parkeringsplassane som var planlagt ved den tidlegare skulen, som no er teke ut av planen.   Foto: Arkivfoto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

I august vedtok Stryn formannskapet å gje dispensasjon frå reguleringsplan for Storesunde i høve ein regulert vegtrasé på Storesunde. Via advokat, klaga Storesunde Grendahus på fleire forhold ved dispensasjonen. Mellom anna reagerast det på at den planlagde rundkøyringa ved grendehuset/skulebygget er teke ut.