Vil felle 100 hjortar meir pr. år

Stryn kommune vil auke fellingstillatelsen frå 600 til 700 hjort i året.

Hjorteforvaltning Måltal på hjorteforvaltinga i Stryn skal på bordet for politikarane torsdag.  Foto: Arkivfoto: Inge Fænn

Nyhende

Politikarane i Stryn skal ta stilling til kva måltal kommunen skal ha for hjorteforvaltninga fram til 2030. Det vart først foreslått at hjortestammane skal stabiliserast på eit nivå der det vert født og skote 600 hjort pr. år, men av saksframlegget går det fram at sist ein hadde ein produksjon på 600 dyr, var i 2001.