Hovudutval for opplæring: Stryn får Vg1 sal, service og reiseliv

Etter at det hadde falle ut i den opprinnelege innstillinga til opplæringstilbod komande år, er det no likevel vedteke å lyse ut Vg1 sal, service og reiseliv ved Stryn vidaregåande skule.

Sal, service og reiseliv: Stryn vidaregåande skule kan lyse ut Vg1 sal, service og reiseliv komande skuleår.   Foto: Thomas Thaule

Det er kor mange som søkjer på klassane som no vert lyste ut, som avgjer om dei vert sett i gang eller ikkje

Sigurd Reksnes medlem av hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke
Nyhende

Hovudutval for opplæring og kompetanse har vedteke opplæringstilbodet som skal lysast ut i Vestland fylkeskommune komande år. Vedtaket vart gjort etter eit framlegg frå Senterpartiet, AP, SV, KrF og MDG.