Volda:

Stadig nye smittetilfelle

Seks nye tilfelle av covid-19 onsdag, tre nye torsdag.
Nyhende

I løpet av onsdag har Volda kommune fått melding om seks nye smittetilfelle med covid-19. Felles er at desse har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfelle.

Ein av dei smitta har vore i ei avdeling i Øyra barnehage og alle føresette er informert og får utlevert hurtigtestar i barnehagen.

Ein av dei smitta har vore på Nytt liv senter i Ørsta 21. november. Kommunen ber difor om at alle som har vore der, er merksame på symptom og tek test.

Torsdag kom det melding om tre nye smittetilfelle med covid-19. Alle tre er nærkontakter med tidlegare kjende smittetilfelle. Ein var fullvaksinert og to er uvaksinerte.

Ei 6. klasse på Øyra skule har no fått eit nytt påvist smittetilfelle, og dei vil difor få utlevert nye hurtigtestar. Føresette vert varsla av skulen. Kommunen minner om at det er viktig at nærkontakter som får symptom tek ein PCR-test, ein kan då ikkje stole på ein negativ hurtigtest åleine.

Alle uvaksinerte bør ta ein test sjølv om dei ikkje har symptom, oppmodar kommunen.