Kronikk av Viviane Mate:

- Kva gjer du heile dagen? Passar barna? Det er vel ikkje så utfordrande…

Kronikk: Viviane Mate, masterstudent ved Høgskulen i Volda.  Foto: Privat

Nyhende

I løpet av mi treårige bachelorutdanning for å bli barnehagelærar, har eg fått mange spørsmål om kvifor ein trong å ta tre år med utdanning for å jobbe i barnehage. Gjennom utdanninga og jobben har eg blitt omtalt som barnehagetante. Mange oppfattar kanskje det å bli omtalt som barnehagetante som noko positivt. Samtidig kan dette signalisere at ein ikkje tek barnehagelærarprofesjonen på alvor.