Sykkelbrems øydelagt – politiet etterlyser vitner

Politiet etterlyser vitner som kan ha sett skadeverk på ein gul sykkel utanfor hovudinngangen ved Stryn Kulturhus torsdag ettermiddag.

Farleg leik: - Politiet ser svært alvorleg på denne type livsfarleg hærverk, seier politibetjent Eirik Krossen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

- Det er noko av det same som har skjedd i Stryn tidlegare, nokon har øydelagt bremsene og dermed sett eigaren av sykkelen i ein svært farleg situasjon. I dette tilfellet er bremsene demonterte og øydelagte. Dermed hadde ikkje eigaren nokon forbrems på sykkelen. Slikt hærverk ser politiet svært alvorleg på, seier politibetjent Eirik Krossen.

Politibetjent Eirik Krossen etterlyser vitne til folk som har sett den eller dei som demonterte og øydela bremsene på denne sykkelen.  Foto: Privat

Hærverket har skjedd utanfor hovudinngangen ved kulturhuset mellom kl. 14.30 og 15.00 tordag. -Her er veldig mange som kan ha sett noko. Vi ber vitne melde seg, samtidig som vi dessverre må minne sykkeleigarar om å sjekke sykkelen sin før dei køyrer avgarde, seier Krossen.