To nye koronatilfelle

Det er siste dagane påvist koronavirus hos to personar i Stryn kommune. Begge er sannsynlegvis smitta ved same arrangementet utanfor kommunen.

Kommuneoverlege og smittevernlege Marius Solbakken i Stryn kommune rosar innbyggjarane for å vere flinke til å ta kontakt for sjølvtesting for korona.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Nærkontaktar er varsla, seier kommuneoverlege og smittevernlege Marius Solbakken.

Han fortel at det er mange som tek heimetestar for korona for tida.

– Vi har ganske mange som tek sjølvtestar om dagen. Folk ringjer til kommunen og kan hente ut testar i ei postkasse til dette føremålet. Vi har levert ut bra med testar der siste vekene, seier smittevernlegen.

- Dei fleste er riktige

Dersom folk får positiv heimetest tek dei kontakt med kommunen for å få teke den vanlege koronatesten som skal sendast inn for analyse.

– Hender det at positive heimetestar er feil?

– Vi har sett døme på falske positive testar, nokre få tilfelle, men dei fleste er riktige.

Det er først når ein har fått bekrefta smitte i ein innsendt koronatest at kommunen går ut informasjon om stadfesta smittetilfelle.

Forvirrande om smittestatus

Solbakken seier at ein har sett at VG sin smittestatus for kvar enkelt kommune kan vere noko forvirrande. Der kan det stå at det er registrerte smittetilfelle i Stryn, medan Stryn kommune ikkje har registrert nye tilfelle.

– Dei tala som står der, er ikkje tal som stemmer med dei faktiske forholda i Stryn. Dette er basert på folkeregisteret, og det er mange personar som er folkeregistrert i Stryn som bur vekke, til dømes er studentar, forklarer Solbakken.

– Dersom ein eller fleire av desse testar positivt, så vil ikkje vi få beskjed om det her i Stryn, men det vil likevel kome fram på statistikken hos VG.

Viktig å halde seg heime

Han legg til at ein frå kommunen si side er veldig takknemlege for at det er så mange som tek kontakt for å ta sjølvtestar.

– Det blir endå viktigare no framover, med auka luftvegsmitte i vintersesongen, seier Solbakken, som minner om at det framleis er svært viktig at alle held seg heime om dei vert sjuke:

– Trass i at vi har lite korona i Stryn er det viktig for tenestene i kommunen totalt at folk held seg heime når dei er sjuke. Med tanke på at vi skal kunne ha personell på jobb i skular, helseinstitusjonar og barnehagar, til dømes.