Fullvaksinert blant tre nye smittetilfelle

Volda kommune fekk fredag kveld melding om tre nye smittetilfelle med covid-19.

Illustrasjon  Foto: Arkiv

Nyhende

Den eine har vore i Nytt livs senter i Ørsta 21. november. For den andre er smittevegen førebels ukjend. Ein var fullvaksinert og ein var uvaksinert.

Den tredje er ein elev i ei skuleklasse med kjent smitte, og er truleg smitta på skulen.

Det skriv Volda kommune i ei pressemelding fredag kveld.