Lovande lusesamarbeid i Nordfjord

Prosjektet «Områdevurdering Nordfjord» har som mål å redusere lusenivået hos fiskeoppdrettarar. Prosjektet blir omtalt som lovande.

Illustrasjonsfoto   Foto: Bengt Finstad/NINA

Nyhende

Fiskeridirektoratet har invitert med seg alle aktuelle styresmakter, kunnskapsleverandørar og oppdrettarar for å undersøkje potensialet som ligg i samordning og felles vurdering av eit område. Erfaringane skal brukast til å byggje kunnskapsgrunnlag som kan gi gode og framtidsretta arealplanar.