Helse Førde og Helse Møre og Romsdal:

Påbod om munnbind for besøkjande til sjukehusa

Det er innført påbod om bruk av munnbind for alle besøkande til sjukehusa i Helse Førde og Helse Møre og Romsdal, når det ikkje er råd å halde ein meter avstand. Det opplyser helseføretaka i kvar si pressemelding.

Førde sentralsjukehus.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I tillegg vert meteren gjeninnført for poliklinske pasientar og dagpasientar på venterom og i fellesareal.

Aukande smittetrykk er årsaka til at det no vert gjeninnført smittevernkrav.

– Det er smitte i dei fleste kommunar, og situasjonen er uoversiktleg. Også ved Førde sentralsjukehus har vi siste dagane hatt enkelte smittetilfelle. Basert på smittetrykket i samfunnet set vi no i verk forsterka smitteverntiltak, seier konstituert fagdirektør Asle Kjørlaug.

Tilsette ved sjukehusa skal inntil vidare nytte munnbind ved nærkontakt med pasientar der det ikkje er råd å halde nødvendig avstand.

– Tiltaka gjeld så lenge smittetrykket held seg høgt. Det er venta at perioden med mykje smitte i samfunnet vil vare i fleire veker. Tiltaka knytt til besøkande og meteren på venterom og i fellesareal vil venteleg vare til over nyttår, seier Kjørlaug. Som ber folk halde avstand og følgje dei generelle smittevernreglane. Dersom smittetrykket held fram å auke, vil ytterlegare tiltak bli vurdert.