Konservator Line Iversen:

– Strikking er eit handverk

– Strikking er ikkje handarbeid. Det er eit handverk, sa konservator og fagansvarleg for tekstil ved Sunnmøre Museum, Line Iversen då ho vitja Svormuseet sist veke.

Fin jakke: Line Iversen med eitt av fleire mønster dei har utvikla.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Saman med professor i norsk, Margareth Sandvik har ho skrive bok om historia til fiskarbonden. Ei interessant historiebok krydra med opplysningar om korleis strikkeinteresserte i dag kan skape sine eigne mønster og eigne ullplagg.