No vil ikkje innvikarane vente på kommunen lenger:

Tolmodet tok slutt-byggjer 14 bueiningar

Tolmodet tok slutt for Lars Åge Hilde og fleire av sambygdingane. Dei kunne ikkje lenger sitje og vente på at kommunen skulle tilrettelegge for bustadbygging, og har i staden teke saka og risikoen sjølve for å sikre folkevekst i Innvik.

Planen klar: Lars Åge Hilde er leiar i Innvik Bygdeutvikling og initiativtakar og medaksjonær i selskapet som planlegg bustadbygging på Sydnessflata. Bekkøyra AS håpar å starte bygginga av dei sju tomannsbustadane i løpet av neste år. – Dette blir ein boost for bygda, slår Hilde fast. I tillegg kjem også ein firemannsbustad i Hildastranda , der utbyggjaren er Hammer Moen Invest. 

Nyhende

– Eg tykkjer ting går veldig tregt på mange ting i kommunen. Og det er til hinder for utvikling. Akkurat i Innvik og akkurat no er det bustader det handlar om. Går ein inn på kommunen si heimeside og søkjer etter ledige kommunale tomter så er om lag alle bygdelaga lista opp, men ikkje Innvik. For her er rett og slett ingen tilrettelagde tomter, seier Hilde, som ser føre seg at dei mister fleire potensielle tilflyttarar til omkringliggjande bygder slik det er no.