Lostrupane med konsert i Stryn kulturhus:

Varma i vinterkulden

Lostrupane med tonefylgje frå fele og band både gledde og imponerte ein fullsett sal i Stryn kulturhus laurdag kveld.

Ekte glede: Dirigent Janne G. Skarstein og alle songarane i Lostrupane takka for trampeklapp etter nitti magiske minutt laurdag kveld. 

Nyhende

Vi er heldige i Stryn som kan oppleve ein slik konsertkveld basert berre på lokale krefter. Lostrupane har gleda før, og dei gjorde det igjen.