Bøndene ber om hastemøte med fleire departement

På grunn av dei høge straum- og gjødselkostnadene i 2021 og 2022 ber Bondelaget regjeringa love å kompensere ekstrautgifter i jordbruksoppgjeret i vår.

Stor uvisse for ny vekstsesong som følge av høge straum- og gjødselsutgifter: Norges Bondelag meiner dei står framfor ei enorm auke i kostnadar og krev forsikring om kompensasjonar frå Staten  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Bøndene står framfor ein ny vekstsesong med enorm kostnadsauke og stor uvisse. Vi treng ei forsikring frå staten om at kostnadene skal kompenserast, og det raskt, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.