Ønskjer velkomen inn på tunet på Roset:

Har skapt ein arena mot einsemd

Stadig fleire gardar, landet over, inviterer unge og eldre inn på tunet for sosialt samvær og aktivitetar. Dette som ein del av myndigheitene og Helsedirektoratet si satsing for å førebyggje einsemd. Marianne Roset og Hans-Erik Rand ønskjer å bidra frå sin gard gjennom ordninga «Inn på tunet».

Skapar sosial arena: Marianne Roset og ektemannen Hans-Erik Rand er del av prosjektet «Saman mot einsemd» gjennom Inn på tunet-ordninga til Samvirke (SA). Ein dag i veka tek dei imot besøk frå personar som ønskjer ein fellesskap gjennom arbeid, aktivitet og sosialt samvær. 

Nyhende

Einsemd har blitt aktualisert og forsterka under covid-19. Gjennom Inn på tunet Norge SA (samvirke), tidlegare kjent som Grøn omsorg, har ein starta prosjektet «Saman mot einsemd». Det er Helsedirektoratet som finansierer ordninga, og etter eit vellukka pilotprosjekt våren 2021 har myndigheitene valt å trappe opp satsinga, og ein har i dag kring 40 gardar på landsbasis med slike tilbod.