Fv 60 i Hornindal:

Lastebil i grøfta

I grøfta: Ein lastebil kom utfor vegkanten og vart ståande fast i grøfta på fv 60 ved Espe i Hornindal måndag morgon.  Foto: Fjordingen-tipsar

Nyhende

Ein lastebil vart ståande bom fast i grøfta på fv 60 ved Espe i Hornindal måndag morgon. Det er ikkje meldt om spesielt glatt føre på vegen, men bilen har truleg lagt seg for langt ut i møte med annan bil, og dermed kome utfor asfaltkanten.

Uhellet skjedde ved 09-tida.

Det er grei passering for andre bilar der lastebilen står.