Ny lov krev at tolk vert nytta

Ny tolkelov: Frå 1. januar seier ei ny tolkelov at offentlege tenesteytarar pliktar å bruke tolk ved språkbarrierar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Frå 1. januar i år forpliktar offentlege tenesteytarar å bruke tolk ved språkbarrierar. Den nye tolkelova skal bidra til å sikre rettssikkerheit og forsvarleg hjelp og tenester for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk. Dette kjem fram i eit brev frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet til alle landets kommunar.