Nye smittetilfelle i Volda

Nyhende

Volda kommune har siste døgnet fått meldt to nye positive Covid-19 prøver. Begge er vaksinert med tre doser og smitta i eigen husstand, melder kommunen som har fått påvist 36 smittetilfelle i veke 1.

Volda kommune minner om at ein kan hente seg PCR-testar for å ha liggande heime til ein treng det. Ein kan hente på teststasjonen i Hovdebygda, Hornindal legesenter, rådhuset, Folkestadtun og på Coop Lauvstad.

Kommunen opplyser at torsdag er det ny vaksinedag.

- Det er mogleg å stikke innom og få vaksine utan timeavtale mellom kl 14.00-19.00. Det må vere 4,5 mnd. (20 veker) intervall mellom vaksinedosene, skriv kommunen.