Sondre Holmlund Ørjasæter er klar for Sogndal:

– Håpar eg får prøve meg litt i år

Sondre Holmlund Ørjasæter (18) byter ut raudt og kvitt med kvitt og svart. No «gru-gler» han seg til å starte på eit nytt kapittel i OBOS-ligaklubben Sogndal.

Sogndal neste: Sondre Holmlund Ørjasæter har signert toårskontrakt med Sogndal. Tysdag reiste han til saftbygda for å ta fatt på eit spennande kapittel.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Måndag sende Sogndal Fotball ut ei pressemelding der dei presenterte tre nye spelarar som har signert proffkontrakt. Av dei er Sondre Holmlund Ørjasæter frå Stryn.