Vegvesenet åtvarar om vanskelege køyreforhold:

- La bilen stå om du kan

Kan bli svært vanskelege køyreforhold, redusert framkomme og stengde vegar.

Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen åtvarar om vanskelege køyreforhold under uvêret dei neste dagane  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

I ei pressemelding tysdag åtvarar Statens vegvesen om svært vanskelege køyreforhold og stengde vegar i fleire delar av landet under ekstremvêret Gyda onsdag og torsdag. Det kan føre til svært vanskelege køyreforhold, redusert framkomme og stengde vegar.

- Vind, mildvêr og mykje nedbør kan føre til flaum og skred i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, nordlege delar av Innlandet og Ofoten i Nordland fram til torsdag, skriv vegvesenet.

Avdelingsdirektør for trafikkstyring og beredskap Nils Karbø i Statens vegvesen ber folk følgje nøye med på informasjon om vêr- og trafikksituasjonen.

– Ein bør vurdere ekstra nøye om ein må ut å køyre, eller la bilen stå om du kan, seier Karbø.