Ny vaksine mot flått

Forskarane er forsiktig optimistar etter at marsvin reagerte på ein cocktail av 19 protein frå flåttspytt. Testdyra fekk utslett og avviste flåtten.

Eitt til to døgn etter at flåtten har bite seg fast og byrja å suge blod, byrjar han å overføre eventuell bakteriesmitte til verten. Det betyr at det er eit vindauge på 24–48 timar frå ein blir biten til ein kan smittast. Målet er å bli kvitt flåtten i denne tida.  Foto: Erlend Aas/NTB/NPK

Nyhende

Flåtten er ansvarleg for smitteoverføring av ei rekkje bakteriesjukdommar, inkludert Lyme borreliose, harepest og anasplasmose. Hovudproblemet med flåtten er at ein ikkje merkar at han har bite seg fast, så han syg blod i fleire døgn og kan overføre bakteriar medan han held på.

Fordi det tek 24–48 timar frå ein blir biten til smitte kan overførast, vil det ha stor førebyggjande effekt om ein oppdagar at ein er biten med ein gong.

– Svært få personar vil sjå på eit flåttbit, oppdage ein flått og så la han sitje. Dei vil fjerne han rimeleg kjapt, seier Yale-professor Erol Fikrig til Medical Express.

Då vil i så fall flåtten neppe ha rokke å smitte med noko som helst enno.

Angrip flåtten

Saman med forskarar ved fleire universitet på den amerikanske austkysten har han utvikla og testa ein vaksine og presentert resultata i Science Translational Medicine.

Medan fleire selskap dei siste åra forskar på moglege vaksinar mot flåttborne bakteriar, rettar Fikrig sin vaksine seg direkte mot flåtten.

Marsvin som vart injiserte med vaksinen, vart raude og klødde rundt flåttbitet kort etter at dei var bitne. I tillegg saug flåtten mindre blod og over eit kortare tidsrom på vaksinerte dyr, noko som tyder på at verten hadde utvikla antistoff. I fleire tilfelle døydde flåtten eller fall av vertsdyret før det var gått 48 timar.

– Så langt er eg forsiktig optimist, seier Fikrig om han trur vaksinen vil bli tilgjengeleg for menneske ein dag.

Han seier resultata frå forsøk med marsvin er svært lovande.

Ein våt draum

– Viss vi får på plass ein vaksine som gjer at vi kan utvikle antistoff, som gjer at vi reagerer på flåttspyttet, ville det vore ein ønskedraum, seier leiar for Nasjonal kompetanseteneste for flåttborne sjukdommar, Randi Eikeland til NTB.

Fikrig har òg samarbeidd med Joppe Hovius, som leier vaksinesamarbeidet i EU, ANTIDotE. Også dei har identifisert rundt 20 protein frå flåttspytt.

I den amerikanske vaksinen har Fikrig og teamet hans brukt MRNA-teknologi, slik mellom anna Pfizer og Moderna har brukt i covid-vaksinane sine.

Slike vaksinar fungerer ved at ein injiserer molekylet mRNA, som inneheld ein "instruksjonsmal" for korleis kroppen sjølv kan produsere dei aktuelle proteina han vil at immunsystemet skal reagere på.

Nytt toppår

Flåttsenteret reknar med at det er rundt 7.000 tilfelle av borrelioseutslett i Noreg kvart år. Desse er ikkje meldingspliktige, men like fullt viktige å behandle korrekt. Alvorsgrada sjukdommen får, avheng òg mykje av kor lenge ein er eksponert for smitten og flåtten får halde på med sitt.

Dei siste tiåra har talet på tilfelle som blir registrerte i Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) ved Folkehelseinstituttet stige jamt og trutt. I 2020 vart det eit nytt toppår, med 521 registrerte tilfelle totalt, opp frå 488 i 2019, og så langt er det registrert 543 tilfelle i 2021, men tala er førebelse.

Det er vanskeleg å slå fast om tala speglar reell auke i smittespreiing, eller at fleire er ute i naturen. Kan hende er det òg ein høgare del som melder inn mistenkte sjukdomstilfelle.

Viss ein får det karakteristiske, sirkelforma raude utslettet (erytema migrants) etter eit flåttbit, skal det alltid behandlast med antibiotika. Ein skil mellom tidleg lokal sjukdom, som gjerne gir seg til kjenne ved utslett, og alvorlegare sjukdom, som betyr at borrelia-bakterien har spreidd seg til andre organ og vev i kroppen.

(©NPK)