Ekstremvêret "Gyda" på veg:

Stengjer vegane til Flo, Bødal, Briksdal og Otterdalsvegen

Vegen mellom Otterdal (t.v. på bildet) og Grodås vert stengt tysdag kveld..  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Vegen mellom Sunde og Flo vert stengt på grunn av skredfare tysdag kveld, med ny vurdering på morgonen fredag. Vestland fylkeskommune følgjer vêrsituasjonen med tanke på tidlgare opning, opplyser fylkeskommunen.

Også fylkesvegane til Briksdal i Oldedalen og Bødal i Lodalen er stengde til fredag morgon, grunna uvêr.

Fylkesvegen til Otterdal som vart opna laurdag etter tysdagens steinskred, vert stengt tysdag kveld, og førebels til torsdag morgon. Årsaka er ekstremvêret med store nedbørsmengder og dermed fare for snøskred. Entreprenøren opplyser at vegen neppe vert opna att før regnveret er over.

Også fylkesvegen gjennom Norangsdalen vert stengt tysdag kveld.

Du kan følgje utviklinga på vegane på vegvesen.no