Svanhild er sporlaust borte

Songsvana Svanhild, som sette Hornindal på kartet i fjor, er borte. Fleire trur fuglen har floge vekk saman med nokre andre svaner som var på besøk i bygda før jul.

Folkekjær: Svanhild i kjent positur ved småbåthamna i Hornindal sommaren 2021.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Det kom eit svanepar hit ei tid før jul. Då dei forsvann att, var også Svanhild borte, fortel Jens Edvard Jensen til Sunnmørsposten.