Vegstenging gir utfordringar for Olden Brevatn:

– Håpar at vi kan få ut varer før fredag

At Oldedalsvegen er stengd fram til fredag skapar problem for Olden Brevatn i Oldedalen.

Olden Brevatn: Fabrikksjef Rune Rustøen seier at vegstenginga også gir utfordringar for deira verksemd i Oldedalen.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Fylkesvegen vart stengd tysdag kveld grunna fare for skred. Vegstenginga gir dermed utfordringar for Olden Brevatn som verken får inn eller ut varer.