Fekk 100.000 kr til møblering av Per Bolstad plass

Finansieringa av første steg av møbleringa på Per Bolstad plass er i boks, etter at Sparebanken Vest sitt Ildsjelfond bladde opp 100.000 kr i støtte etter søknad frå Stryn Næringssamskipnad.

Fekk 100.000: Målfrid Romsøe Sæten, Siri Merete Fure (bak) og Lisbeth Mikkelsen t.h. overrekte synleg prov på gåva til Jørn Sønsterudbråten og Anita Vinsrygg t.v. frå Stryn Næringssamskipnad.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

- At vi får mogelegheit til å gje til lokalsamfunnet er takka vere kundane våre, og takka vere at de søkjer om støtte til gode prosjekt. Og dette er eit prosjekt som kjem alle til gode. Ei investering for framtida i lokalsamfunnet. Og vi oppmodar fleire om å søkje, sa Målfrid Romsøe Sæten då ho overrekte det synlege beviset på at Stryn Næringssamskipnad har fått 100.000 kr til møbleringa av Per Bolstad plass.