Fv 60 i Hornindal:

Håpar å få pengar til å rette ut ulukkessving

Kvar vinter skjer det utforkøyringar i den same svingen på fv 60 ved Støverstein i Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune håpar å fikse svingen i løpet av 2022.

Utfor vegen: Allereie ved første snøfallet i november køyrde ein bil utfor i den berykta ulukkessvingen ved Støverstein. Personbilen fekk store skader og vart liggjande på sida, med understellet støtta mot busker og tre. Føraren vart sendt til Volda sjukehus i ambulanse.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Dette er ein ulukkesbelasta sving der alt frå vogntog til mindre bilar går ut i same svingen. Dette ønskjer vi å gjere noko med, så snart vi får midlar til det, seier Kåre Berge, fylkeskommunen sin byggjeleiar veg på Indre Sunnmøre, som og omfattar Hornindal.