Uveret Gyda herjar:

- Huset og tunet var plutseleg i ei elv

- Det var temmeleg spesielt. Her har vi aldri sett vatn før. Brått var plenen og tunet ei einaste stor elv, fortel Anja Bertine Tomasgård og Stian Tvendeseter i Hjellbakkevegen i Hornindal.

Tunet vart ei elv: Brått vart plenen, tunet og garasjen til Anja Bertine Tomasgård og Stian Tvendeseter t.v. forvandla til ei stor elv. Huset deira i Hjellbakkevegen og eitt i Tytebærhaugen i Hornindal fekk vatn i kjellaren. T.h. Lars Andreas Tomasgård.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

To hus i nabolaget har fått store mengder vatn inn i kjellaren onsdag kveld. Sambuarane Tomasgård og Tvendeseter fekk etter kvart pumpa ut mesteparten av vatnet frå kjellaren, samtidig som far til Anja, Lars Andreas Tomasgård kom på plass med gravemaskin i hagen.