- Mest redd for jordskred

Alle mannskap i Hornindal, som del av Volda kommune, er sett i beredskap og er tilgjengeleg døgnet rundt til ekstremveret Gyda er over. Det seier Lars Fjærvold, teknisk vakt i Volda kommune.

Storelva i Hornindal gjekk vill og kraftig midt i oktober. Dersom det varsla regnveret slår til, kan elva bli minst like stor dei neste par dagane.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

- Mannskapet har vore og er ute og sjekkar alle sluk, rister og kritiske punkt vi kjenner til. Så loggar eg alt driftsoperatørane gjer, koordinerer det kommunaltekniske anlegget og rapporterer til kriseleiinga, opplyser Fjærvold.